Lattakia-distriktet | |||
distrikt | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Lattakia guvernement | ||
Administrasjonsstad | Lattakia | ||
Areal | 971,61 km² | ||
Folketal | 526 888 (2004) | ||
Lattakia-distriktet 35°32′N 35°47′E / 35.53°N 35.78°E | |||
Wikimedia Commons: Latakia District |
Lattakia-distriktet (arabisk منطقة اللاذقية, Minṭaqat al-Lādhiqīyah) er eit distrikt (mantiqah) i Lattakia guvernement i Syria. I folketeljinga i 2004 hadde det eit folketal på 526 888.[1] Senteret i distriktet er byen Lattakia.
Lattakia og det kringliggande distriktet vart ein eigen sjølvstendig stat under eit mandat gjeven til Frankrike av Folkeforbundet. Det var sjølvstendig i to år før det vart innlemma i det større franske mandatet i Syria i 1923. Han vart i tida med sjølvstende kalla «Alawittarstaten», sidan dei fleste innbyggjarane var alawittar.
Jordbruk har vore ei viktig næring i provinsen med sitrusfrukt, eple, og oliven som dei viktigaste avlingane. Turisme, hovudsakleg frå Gulfstatane, er òg ei viktig næring for innbyggjarane på sommaren.
Distriktet Lattakia er delt inn i sju underdistrikt eller nāḥiyaer (folketala er frå folketeljinga i 2004):