Laura Fogli

Laura Fogli (fødd 5. oktober 1959) er ein italiensk tidlegare langdistanseløpar frå Comacchio som internasjonalt tevla i maratonløping. Ho vann EM-sølv i 1982, ein prestasjon ho gjentok i 1986.

Fogli sprang inn til sølvmedalje under europameisterskapen 1982 i Aten, 25 sekundar etter gullvinnar Rosa Mota frå Portugal og 10 sekundar føre bronsevinnar Ingrid Kristiansen frå Noreg. Løpet var det aller fyrste på distansen for kvinner i ein av dei store meisterskapen. Fire år seinare kopierte Fogli medaljefangsten ved EM i Stuttgart, atter må ho seg slått av Rosa Mota.

Under dei olympiske sommarleikane i Seoul hausten 1988 gjorde Fogli unna sitt livs kjappaste maratonløp, tida 2.27.49 heldt til sjetteplass i tevlinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]