Leila Shahid | |
Statsborgarskap | Libanon, Palestina |
Fødd | 13. juli 1949 (75 år) Beirut |
Yrke | politikar, diplomat |
Språk | fransk, arabisk, engelsk |
Far | Munib Shahid |
Mor | Serene Husseini Shahid |
Leila Shahid på Commons |
Leila Shahid (fødd 13. juli 1949) er ein palestinsk diplomat.[1] Ho var den fyrste kvinnelege ambassadøren for Palestina.
Leila Shahid er dotter av Munib Shahid og Serene Husseini Shahid og dimed del av al-Husayni-klanen.[2][3][4] Foreldra hennar var høvesvis frå Akko og Jerusalem, men ho vaks opp med dei to systrene sine i landflyktigheit i Libanon. Der fekk ho skulegangen si og tok vidaregåande skule på Collège protestant français i Beirut.
Shahid er ikkje sjølv bahai, men er tippoldebarn til baha'i-profeten Baha'u'llah gjennom far sin, som var eit barnebarn av Abdu'l-Baha.[5] Faren hennar blei ekskommunisert frå bahai-fellesskapet på grunn av motstanden sin mot Shoghi Effendi.[6]
Etter å ha studert antropologi og psykologi ved Det amerikanske universitet i Beirut, arbeida Shahide i palestinske flyktningleirar til 1974 då ho byrja på doktorgraden i antropologi i Paris. I Paris møtte ho forfattaren Jean Genet.
I 1976 blei Shahid vald til president av foreininga Union générale des étudiants palestiniens.[7][8]
I september 1982 drog Shahid og Genet til Beirut. Dei kom til under massakrane i Sabra og Shatila, som blei gjennomførte av styrkar knytte til det libanesiske falangistpartiet. Genet sine skildringar om dette blei publisert i La revue d'études palestiniennes, i ein artikkel med tittelen «Quatre heures à Chatila» ('Fire timar i Shatila'). Filmen Dancing Among the Dead av Catherine Biscovitch var basert på denne artikkelen av Genet.[9]
Shahid var mangeårig redaktør for La revue d'études palestiniennes, og blei etterpå medlem av styret for bladet.[10]
Shahid representerte PLO i Irland i 1989, i Nederland i 1990, og var deretter ambassadør for den palestinske sjølvstyresmakta i Frankrike der ho tiltredde i Paris i 1993.[11] Frå 2006 til 2014 var ho den palestinske generaldelegaten til EU, Belgia og Luxembourg.[12]
I 2004 var Shahid saman med den palestinske leiaren Yasser Arafat under dei siste dagane hans på sjukehus utanfor Paris.[13]
Russell Tribunal on Palestine vart oppretta som svar på ei oppfordring frå Shahid og Ken Coates (leiar av Bertrand Russell Peace Foundation), Nurit Peled (israelar, som mottok Sakharovprisen for ytringsfridom i 2001).[14]