Leinesfjord | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Steigen | ||
Areal | 0,27 km² | ||
Folketal | 251 (2023) | ||
Folketettleik | 930 / km² | ||
Leinesfjord 67°46′29″N 15°00′58″E / 67.7746°N 15.0161°E |
Leinesfjord er administrasjonssenteret i Steigen kommune. Staden ligg på eit nes ved utløpet av Myklebostadelva, mot nord ligg fjordarmen Saursfjorden. Fjordarmen Botnfjorden ligg i sør. På staden finst eit vertshus, helsesenter, Knut Hamsun videregående skole avdeling Steigen, daglegvarebutikkar, kiosk og bensinstasjon. Fylkesveg 835 går gjennom staden og gjev samband med europaveg 6 i Hamarøy kommune. Ca. 1,5 kilometer langs FV835, sør for sentrum, ligg Leinesfjord kapell.
Leinesfjord er òg ein tettstad i følgje oversyn over tettstader hos Statistisk sentralbyrå. Staden har 251 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Folketeljinga frå 1865 skildrar sju matrikkelgardar på staden med Myklebostad i gardsnamnet.[1] På eldre kart finn ein bygda her namnsett som Myklebostad.[2]
Tidlegare Leiranger kommune, 1900-1964, femna om området omkring den opne Leinesfjorden og skjergarden utanfor.[3]