Lenestol er ein type stol med armlene og rygg med fokus på god sitjekomfort, og har ofte ein rygg som kan vippast bakover slik at personen kan leggja seg tilbake for å slappa av eller sova.[1] Mange lenestolar har og ei innebygd forkvile som kan hevast. På nokre stolar må ein betena ein spak eller liknande for å justera, medan andre blir justerte automatisk når ein til dømes legg tyngdepunktet bakover eller pressar ryggen bakover i stolen.
Nokre avanserte lenestolar har også justerbar nakkestøtte, krossryggstøtte for å maksimera komforten og ein uavhengig fotskammel som brukaren kan justera med beinet. Andre funksjonar kan inkludera varme, massasje og vibrasjon. Nokre modellar er utforma for rullestolbrukarar.
Ein «wall hugger»-lenestol skil seg frå vanlege lenestolar ved at han berre blir vippa framover (ut frå veggen). Dette er ein spesiell type lenestol som kan brukast i leilegheiter for å spara plass, eller på buss, fly og liknande for å ikkje forstyrra dei som sit bak.
Ein kan oppnå denne funksjonen ved at det er ein glidemekanisme under setet som skyv den nedste halvdelen av stolen framover, slik at baksida av lenestolen aldri kjem nærare veggen bak, og dermed sikrar effektiv bruk av plass.
Nokre lenestolar har ein løftemekanisme der setet blir heva og vippa framover slik at det blir enklare for brukaren å komma seg opp og ut av stolen. Desse blir kalla løftestol, og blir spesielt marknadsførte mot eldre og andre med nedsett rørsle.[2]
Lenestolar gjer det mogleg å ha ei nær liggjande stilling for å sova, noko som gjer dei til kombinasjonsmøblar. Desse er vanlege i fly og tog, så vel som i bustader.