Leni Kaurin | |
Leni Kaurin i 2012 | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. mars 1981 (43 år) Ålesund kommune |
Yrke | fotballspelar |
Høgd | 1,66±0,001 meter |
Leni Kaurin på Commons |
Leni Larsen Kaurin (fødd 21. mars 1981) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Ålesund som vann EM-sølv med Noreg i 2013. Ho var elles med å vinne tre NM-gull med Asker SK/Stabæk IF og har vorte seriemeister både i Tyskland og i Noreg.
Kaurin spelte på Fortuna Ålesund i 1998 og til sommaren 1999. Ho melde då overgang til topplaget Asker SK og var aktiv i klubben til 2007, bortsett frå 2004-sesongen då ho spelte på Team Strømmen. Hausten 2007 flytta ho til tyske Turbine Potsdam og vart vinnar av Bundesliga i 2009. Våren 2010 spelte ho nokre kampar på FFC Frankfurt før ho avslutta opphaldet i Tyskland med to sesongar i VfL Wolfsburg. Sommaren 2012 vende ho tilbake til Stabæk IF (Asker SK). Ved sesongslutt i 2013 braut ho med klubben, grunna ein konflikt med trenaren.
Åra 2003-13 deltok Kaurin i 95 landskampar for Noreg og skåra fem mål. Ho var innbytar då Noreg tapte EM-finalen 2013 mot Tyskland med 0-1.