Let's Get It Up Singel av AC/DC frå albumet For Those About to Rock (We Salute You) | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Utgjeve | Desember 1981 (Storbritannia)[1] | |
Innspelt | 1981[1] | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:54 | |
Selskap | Atlantic | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Robert John «Mutt» Lange | |
AC/DC-kronologi | ||
«Rock and Roll Ain't Noise Pollution» (1980) |
Let's Get It Up | «For Those About to Rock (We Salute You)» (1982)
|
«Let's Get It Up» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC, først gjeve ut i 1981 på albumet deira For Those About to Rock We Salute You, og seinare som den første singelen frå albumet.[2]
Vokalisten Brian Johnson samanfatta låten for Kerrang!-skribenten Sylvie Simmons som «Skitt, rein og skjer skitt. Me er eit skittent band.»[3]
Konsertopptak av «Back in Black» og «T.N.T.», utgitt som B-sider på den britiske versjonen av singelen, vart begge spelt inn i Landover i Maryland i desember 1981. «T.N.T.» dukka berre opp på 12-tommer-utgåva.[4]
Då Kurt Loder melde låten i samband med For Those About to Rock, skreiv han: «Det kan verka vanskeleg å ta ein sleveflekkete smårolling i skulegut-shorts på alvor som gitarist, men viss du lyttar nøye til den serpentinske soloen til Angus Young i 'Let's Get It Up', vil du høyra dei freidige bluesrøtene hans skina gjennom.»[5]
Record World kalla songen ein «knallbra rockar med eit festleg refreng».[6]
Liste (1982) | Plassering |
---|---|
73 | |
Den tyske singellista[7] | 33 |
Sverige (Sverigetopplistan)[8] | 18 |