Lewis Gordon Pugh | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 5. desember 1969 (55 år) Plymouth |
Yrke | oppdagar, advokat, symjar |
Språk | engelsk |
Far | P. D. Gordon Pugh |
Nettstad | http://lewispugh.com/ |
Lewis Gordon Pugh på Commons |
Lewis Gordon Pugh (fødd 5. desember 1969 i Plymouth) er ein britisk langdistansesymjar, advokat og eventyrar. Han har mellom anna sumt utanfor Nordkapp, Svalbard, Arktis og Antarktis, og han har sumt Sognefjorden på langs.
Pugh budde sine fyrste 10 år i England, men flytta så med familien til Sør-Afrika. Ein månad etter at han hadde hatt sin fyrste ordentlege symjetime som 17-åring, sumde han frå Robben Island til Cape Town. Ikkje lenge etter sumde han også over den engelske kanalen. Han studerte juss ved universitetet i Cape Town og Jesus College i Cambridge, og jobba så som advokat i London, før han for alvor byrja med langdistansesymjing i kalde og vanskelege farvatn.
Pugh er innehaver av den sørafrikanske Ikhamanga-ordenen i gull.