Lilliehöökfjorden er ein fjordarm inst i Krossfjorden på vestkysten av Spitsbergen på Svalbard. Han ligg på vestsida av halvøya Kong Haakons halvøy, eit 700 m høgt fjellmassiv som er ca 2 km breitt og 11 km langt. Inst i fjorden kjem den svære Lilliehöökbrea ut. Området er mykje vitja av turistskip.