Liv Bernhoft Osa | |||
Fødd | 3. mars 1957 (67 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Voss herad | ||
Verka som | skodespelar | ||
Far | Sigbjørn Bernhoft Osa | ||
Ektefelle | Pål Løkkeberg, Per Gørvell | ||
Born | Gina Bernhoft Gørvell | ||
Prisar | Kanonprisen for beste kvinnelege hovudrolle, Heddaprisen for beste kvinnelige medspiller, Amandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle |
Liv Bernhoft Osa (fødd 3. mars 1957) er ein norsk skodespelar frå Voss. Ho er dotter til Sigbjørn Bernhoft Osa.
Liv Bernhoft Osa har vore tilknytt Nationaltheatret frå 1979. Ho har også jobba for Det Norske Teatret og Torshovteateret. Av dei mest kjende teaterrollene hennar er Eleonora i Påske av August Strindberg, Regine i Gjengangere og Kaja i Byggmester Solness, begge av Henrik Ibsen, Sofja i Onkel Vanja av Anton Tsjekhov og Andromake i Trojanerinner av Evripides. Ho har også spelt i fleire filmar og er ein mykje nytta opplesar av lydbøker. Ho har lese inn bøker av m.a. Toni Morrison og Tarjei Vesaas for Lydbokforlaget.
I 2011 fekk Liv Bernhoft Osa Heddaprisen for beste kvinnelege birolle for rolla som Fru Fåttnok i stykket USKYLD.