Llyn Cwellyn | |||
innsjø | |||
frå Mynydd Mawr
| |||
Land | Wales | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | reservoar | ||
Areal | 0,87 km² | ||
Største djupn | 37 m | ||
Koordinatar | 53°4′20″N 4°9′6″W / 53.07222°N 4.15167°W | ||
Byar | Rhyd Ddu | ||
Llyn Cwellyn 53°04′20″N 4°09′06″W / 53.072222222222°N 4.1516666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Llyn Cwellyn |
Llyn Cwellyn (Llyn Quellyn i eldre tekstar) er eit reservoar i Nord-Wales som gjev drikkevatn til delar av Gwynedd og Anglesey. Det ligg på Afon Gwyrfai i Nant y Betws mellom Snowdon Massif og Mynydd Mawr nord i Snowdonia nasjonalpark. Det har eit areal på 87 hektar og er over 37 meter på det djupaste. I sørenden ligg den vesle landsbyen Rhyd Ddu.
Sjølv om han no er demd opp i nordenden, nedanfor Castell Cidwm-ryggen, nær landsbyen Betws Garmon, har ikkje det auka storleiken på den naturlege innsjøen. Innsjøen er særs djup og er ein av få innsjøar i Wales som har ein naturleg bestand av arktisk røye. Det finst òg bekkeaure og oter i innsjøen. Innsjøen er eigd av Lawrence Jones, eigaren av Castell Cidwm estate i nordenden, og Welsh water. Innsjøen var opphavleg eigd av markisen av Anglesey som nytta Castell Cidwm som jakthus.
Vegen A4085 går langs innsjøen. Austsida vert i dag rekna som eit naturreservat, og det er restriksjonar på fiske i innsjøen.