Long, Long Time Singel av Linda Ronstadt frå albumet Silk Purse | ||
B-side |
Nobody's | |
---|---|---|
Utgjeve | Juni 1970 | |
Sjanger | Folkrock[1] | |
Lengd | 2:59 (singel) 4:18 (album) | |
Selskap | Capitol | |
Låtskrivar(ar) | Gary White[1] | |
Produsent | Elliot Mazer[1] | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
«Will You Love Me Tomorrow» (1970) |
Long, Long Time | «(She's a) Very Lovely Woman» (1971)
|
«Long, Long Time» er ein song skriven av Gary White.[1] Songen var ein hit for Linda Ronstadt i 1970.
I 1970 gav Linda Ronstadt ut songen på singel og på albumet Silk Purse.[1] Singelen låg 12 veker på Billboard Hot 100-lista, og nådde 25. plassen,[2] medan han nådde 15. plassen på den kanadiske RPM 100-lista,[3] åttandeplassen på den kanadiske CHUM 30-lista,[4] og 20. plassen på Billboard Easy Listening-lista.[5][6]
I 1971 vart Linda Ronstadt nominert til Grammyprisen for beste moderne song av ei kvinne for «Long, Long Time».[7]
Liste (1970) | Plassering |
---|---|
Canada - RPM 100 | 15 |
Canada - CHUM 30 | 8 |
U.S. Billboard Hot 100 | 25 |
U.S. Billboard - Easy Listening | 20 |
U.S. Cash Box Top 100[8] | 26 |
I 1976 gav Larry Santos ut ein versjon av songen, som nådde 38. plassen på Billboard Easy Listening-lista[9][10] og 109. plassen på Billboard «Bubbling Under the Hot 100».[11]
I 1998 spelte den kanadiske songaren Alannah Myles inn songen for samlealbumet The Very Best of Alannah Myles.[12]
Songen var med i ein episode i 1975 av The Rockford Files, sesong 1, episode 23, «Roundabout». Songen er òg med i filen Hot Summer Nights frå 2018.