Lopan | |||
elv | |||
Kharkov renn saman med Lopan i Kharkiv
| |||
Land | Russland, Ukraina | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 000 km² | ||
Lengd | 93 km | ||
Middelvassføring | 2,24 m³/s | ||
Kjelde | Belgorod oblast | ||
• høgd | 190 moh. | ||
Munning | Udy | ||
Lopan 50°29′25″N 36°21′53″E / 50.4902°N 36.3648°E | |||
Wikimedia Commons: Lopan |
Lopan (russisk og ukrainsk Лопань) er ei elv i Russland og Ukraina og den største sideelva til Udy.
Elva er 93 km lang med eit nedslagsfelt på 2000 km². Kjelda til elva ligg mellom landsbyane Vesiolaja Lopan og Oktiabrskij i Belgograd oblast i Russland. Langs elva ligg landsbyane Oktiabrskij, Kazatsja Lopan og byen Dergatsji, samt byen Kharkiv der elva møter sideelva Kharkov. 17 km frå munningen hennar er middelvassføringa 2,24 m³/s.
Lopan munnar ut i Udy 52 km før munninge hennar. Lopan har eit gjennomsnittleg fall på 0,89 meter per kilometer. Lopan deler seg enkelte stader og dannar øyar. Breidda av elvefaret er mellom 1 til 20 meter og djupet varierer frå 0,3 til 1 meter. I løpet av vårflaumen stig vasstanden til 1,5-2 meter.