Louis David Cennamo | |||
Fødd | 5. mars 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London i England | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1962 | ||
Sjanger | Rock, blues, bluesrock, rock and roll, psykedelisk rock, hardrock, progressiv rock | ||
Instrument | Bass, kontrabass, gitar | ||
Tilknytte artistar | Rod Stewart, Jimmy Powell, The Herd, Peter Frampton, James Taylor, Renaissance, musikkgruppa Colosseum, Steamhammer, Armageddon, Illusion | ||
Plateselskap | Pye Records, Parlophone Records, Elektra Records, Island Records, A&M Records | ||
Verka som | gitarist |
Louis David Cennamo (fødd 5. mars 1946) er ein engelsk bassgitarist som har hatt ein lang karriere der han spelt for ei rekkje viktige, britiske rock-, blues- og progressive rockeband.[1]
16 år gammal var Cennamo med å skipe blues/rockebandet Jimmy Powell and the Five Dimensions i 1964.[2] Cennamo forle bandet seint i 1965 for å bli bassist i The Herd.[3] Han spelte berre inn ein singel med dei, «So Much In Love» (med «This Boy's Always Been True»), før han slutta og skipa Patto's People i lag med Tim Hinkley, Viv Prince og Mike Patto, som spelte inn og gav ut ein enkelt singel, «Shimmy Shimmy Ko Ko Bop» / «Jump Back», seint i 1966.[4]
Seint i 1960-åra var Cennamo studiomusikar, og spelte mellom anna på debutplata til James Taylor i 1968 og Al Stewart sitt Zero She Flies.[5]
I 1969 var Cennamo med å skipe progrockbandet Renaissance.[6] Cennamo hadde ei viktig rolle med å arrangere dei klassisk-inspirerte songane deira.[7] Han var med på to album med bandet, men eit hardt turneringsliv gjorde at han gav seg våren 1970.[8] Cennamo byrja så å spele med det britiske jazzrockbandet Colosseum, og spelte på albumet Daughter of Time (1970).[9]
Cennamo vart så rekruttert av det progressive/blues/rockebandet Steamhammer (1970–72). Bandet turnerte mykje i Europa og spelte inn det eksperimentelle Speech i 1971.[10]
Etter Steamhammer gav seg i 1973, skipa Cenammo Armageddon (1974–75) med den amerikanske trommeslagaren Bobby Caldwell, Steamhammer-gitaristen Martin Pugh og «Speech»-produsenten (og tidlegare Renaissance-kollegaen) Keith Relf. Bandet var basert i California, men spelte inn debutalbumet, Armageddon på Olympic Studios i London.[11] Det vart gjeve ut på A&M Records seint på våren 1975.[12] Då Relf døydde av elektrisk støyt i mai 1976 var det slutten for bandet.[13]
Attende i England skipa Cennamo så Illusion med andre tidlegare medlemmar i Renaissance, og var med bandet for to album (1977–1979).[14]
Cennamo byrja å bruke mindre tid på musikk etter 1979 og meir tid på si «andelege utvikling» (men gav ut ein avgrensa solokassett kalla Diamond Harbor i 1982).[15]
Frå 1986 til 1995 var Cennamo involvert i eit deltids musikkprosjekt kalla Stairway (der Cennamo spelte gitar), med kollagaen frå Renaissance og Illusion, Jim McCarty. Det var eit hovudsakleg insturmentalprosjekt,[16] og dei gav ut i alt fire plater.[17]
I 2001 gav fire medlemmar frå det originale Renaissance og Illusion ut albumet Through the Fire under namnet Renaissance Illusion.[18]