«Love Missile F1-11» er debutsingelen til det britiske bandet Sigue Sigue Sputnik, gjeve ut i 1986 på debutalbumet Flaunt It. Det var den største hitten til bandet og han nådde tredjeplassen på UK Singles Chart.[1]
Songen har ein vokal med mykje ekko og mange lydeffektar som skapar ein framtidsretta atmosfære. 'Ultraviolence Mix' byrjar med ei sampling frå Stanley Kubrick-filmen A Clockwork Orange frå 1971 der Malcolm McDowell sin karakter, Alex, seier at han likar litt «of the old ultra-violence».
David Bowie spelte inn songen som eit unytta opptak under innspelinga av albumet Reality i 2003. Han vart sidan gjeven ut som B-sida til singelen «New Killer Star». Pop Will Eat Itself gav ut ein songen på ein singel i mai 1987 før han kom ut på plata Box Frenzy i 1988. Thermopyle gav ut ein versjon på singel i 1998. Det finst òg ein elektronisk versjon remiksa av WestBam som kom ut på singel i 2000. The Stone Roses brukte stundom å spele «Love Missile F1-11» på somme av dei tidlege konsertane deira.
↑«Tous les Titres par Artiste» (på fransk). InfoDisc. Select «Sigue Sigue Sputnik» from the artist drop-down menu. Arkivert frå originalen 19. mars 2005. Henta 20. september 2021.