Luftåtaket på Azizabad

Luftåtaket på Azizabad
Del av Krigen i Afghanistan 2001-2021
Dato 22. august 2008
Stad Azizabad i Afghanistan
Resultat 33–92 sivile drepne
Partar
Taliban  USA

Luftåtaket på Azizabad fann stad fredag den 22. august 2008 i landsbyen Azizabad, som ligg i Shindand-distriktet i Herat-provinsen i Afghanistan. Rundt 90 sivile, 60 barn og 30 vaksne, vart drepne under åtaket og ei rekke bygningar i landsbyen vart trefte. Ein Taliban-kommandant var det planlagde målet for luftåtaket.

Oppsummering av hendingane

[endre | endre wikiteksten]

Afghanske regjeringsstyrkar og koalisjonsstyrkar var i gang med ein operasjon i området i jakta på ein Taliban-kommandant ved namn Mullah Siddiq. Åtaket på Azizabad vart sett i gang då etterretning indikerte at Siddiq var i landsbyen. I staden for å senda sivile agentar inn for å bekrefta dette vedtok kommandanten for koalisjonstyrkane å tilkalla flyet. Ei stor forsamling av sivile hadde denne dagen sett kvarandre i stemna i Azizabad for å minnast ein nyleg avdød lokal leiar. Rundt 90 menneske vart drepne og mange bustader vart øydelagde, ifølgje vitne i ein rapport som vart utarbeidd av den afghanske regjeringa, og som vart stadfesta av United Nations Assistance Mission in Afghanistan (UNAMA), leidd av Kai Eide. Åtaket vart utført av eit amerikansk AC-130 fly for bakkeåtak.[1][2]

Dagen etter åtaket, laurdag den 23. august 2008, organiserte innbyggarane ein demonstrasjon retta mot dei afghanske troppane som hadde vorte utstasjonerte i Azizabad for å dela ut mat og anna. Mange menneske vart såra under ein konfrontasjon mellom bebuarar og soldatane.[3]

Amerikanske talsmenn heldt fast på at fleirtalet av dei drepne var opprørarar, noko talsmannen til president Hamid Karzai, Humayun Hamidzada, avviste.