Ei lynstråle er det synlege beviset for ei lynutlading og kjem som regel i lag med eit høgt torebrak. Som uttrykk for det guddommelege har det vore eit mektig symbol gjennom historia og finst i mange mytologiar. På grunn av sambandet til det mektige, vert lynstråla ofte nytta i militær symbolisme og som symbol for elektrisitet.
Lyn speler ei rolle i mange mytologiar, ofte som våpen frå himmel- og stormgudar. Lynstråla var særleg knytt til Zevs og Jupiter frå høvesvis gresk og romersk mytologi.