Lyshornet | |||
fjell | |||
Lyshornet sett frå Nordhordlandskulten (som trass namnet ikkje ligg i Nordhordland)
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Bjørnafjorden (Vestland) | ||
Høgd | 405 moh. | ||
Primærfaktor | 327 m | ||
Koordinatar | 60°14′26″N 5°24′24″E / 60.24056°N 5.40667°E | ||
Lyshornet 60°14′00″N 5°24′00″E / 60.233333333333°N 5.4°E | |||
Wikimedia Commons: Lysehornet, Os |
Lyshornet (Lysehornet) er eit fjell i Bjørnafjorden kommune i Vestland. Fjellet har ei høgd på 405 meter over havet og er stort sett skogkledd. Toppen er derimot stort sett fri for tre og gjev flott utsikt mot Tysnes, Uskedalen og Møsnuken.
Fjellet ligg like nord for Lyse kloster, som er ein populær utgangsstad for turar opp til toppen.
Fjellet har ein primærfaktor på 327 meter mot det høgare Solbakkafjellet (457 moh). Sadelpunktet ligg ved Bahus.