Maaemo er ein norsk restaurant som ligg i Dronning Eufemias gate 23 i Bjørvika i Oslo. Frå 2010 til 2019 låg han ved Annette Thommessens plass langs Schweigaards gate. Restauranten opna i 2010 og baserer seg på kortreist mat med utgangspunkt i tilgjengelege råvarer.[1] Kjøkensjefen er danske Esben Holmboe Bang.[2]
Restauranten blei tildelt to stjerner i 2012.[3] Maaemo blei i 2016 lønt med tre stjerner i Michelinguiden, som den fyrste i Noreg.[4][5] Maaemo mista alle tre Michelin-stjernene i februar 2020 på grunn av at restauranten var stengd i desember 2019 og flytta til nytt bygg,[6] men i 2021 fekk restauranten på nytt tre stjerner.[7][8][9]
Maaemo blei i 2018 rangert til den 35. beste restauranten i verda i kåringa The World's 50 Best Restaurants.[10] I 2020 låg restauranten på 55. plass.[11]