Madcap's Flaming Duty

Madcap's Flaming Duty
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 2. april 2007
Innspelt Oktober 2006
Studio Eastgate Studios (Wien) & TownEnd Studios (Berlin)
Sjanger New Age
Lengd 1:13:43
Selskap Voiceprint
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Springtime in Nagasaki
(2007)
Madcap's Flaming Duty Summer in Nagasaki
(2007)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic[1]

Madcap's Flaming Duty er det 101. albumet totalt og det 38. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, gjeve ut 2. april 2007.[2] I lag med Cyclone er det eit av få Tangerine Dream-album med vokal. Albumet er ei hyllest til Syd Barrett frå Pink Floyd som døydde i 2006. Tittelen referer til eit av soloalbuma til Barrett, The Madcap Laughs.

Songane på albumet vert sungen av Chris Hausl, som ikkje var medlem av bandet. Nesten alle tekstane på albumet er dikt frå 1500- til 1800-talet.

Albumet kom i lag med ein DVD som viser bandet framføre dei 13 spora på albumet.

I mars 2009 vart både CD-en og DVD-en gjeve ut på nytt med forskjellig plateomslag.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Astrophel and Stella»Froese, Engelsk dikt frå 1500-talet7:21
2.«Shape my Sin»Quaeschning4:50
3.«Blessed Damozel» 5:16
4.«Divorce»Froese4:46
5.«Dream of Death»Quaeschning7:46
6.«Hear the Voice»Froese5:08
7.«Lake of Pontchartrain»trad. irsk7:23
8.«Mad Song»Froese5:08
9.«One Hour of Madness»Quaeschning8:29
10.«Man»Froese4:47
11.«Hymn to Intellectual Beauty»Quaeschning6:24
12.«Solution to all Problems»Froese6:24
13.«Burning Babe's Reality Song» (bonusspor)Froese5:33

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • Edgar Froese: klaverinstrument, gitarar, trommeprogrammering, munnspel
  • Thorsten Quaeschning: klaverinstrument, trommeprogrammering
  • Bernhard Biebl: gitarar, fiolin og mandolin
  • Chris Hausl: vokal
  • Linda Spa: blåseinstrument
  • Iris Camaa: trommer og perkusjon
  • Gynt Beator: bouzouki, bodhrán
  • Thomas Beator: bouzouki, bodhrán
  1. Madcap's Flaming DutyAllmusic
  2. Berling, Michael (10. april 2013). «Madcap's Flaming Duty». Voices in the Net.