Mads Eriksen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. juli 1977 (47 år) Malvik kommune |
Yrke | teikneserieskapar |
Nettstad | https://madseriksen.no |
Mads Eriksen på Commons |
Mads Eriksen (fødd 15. juli 1977) er ein norsk teikeserieskapar frå Malvik, like aust for Trondheim i Sør-Trøndelag. Han er kjend for teikneseriane Gnom og M. Mads er medlem av Trondheimstegnerne.
Han teikna dei fyrste to sidene av Gnom i 2000 og sende dei inn til Bladkompaniet, der han fekk god respons. Idéen til serien kom då han filosoferte over kvar sokk nummer to vert av i vaskemaskina.
Gnom vart trykt i Smult, medan M vart ei av dei faste stripene i Dagbladet etter at Mads vann ein teikneseriekonkurranse der hausten 2003.[1] M figurerer dessutan fast i Pondus. I mai 2005 gav Schibstedforlagene ut det fyrste M-albumet. I juni 2006 tok M over Blondie sin plass i Adresseavisen. I desember 2006 starta M å kome ut som eige månadshefte.[2]
Eriksen teiknar i dag serien M på heiltid. Serien handlar om hans eige lett surrealistiske liv, med nokre overnaturlege innslag. Serien er krydra med obskure, «nerdete» referansar, og Star Wars spelar ofte ei hovudrolle i desse.
Eriksen slutta å levere teikneseriestriper sommaren 2008. Leveringspress i forhold til forlaget og sjukdom vart oppgjeve som grunnar til dette. I eit intervju med Dagens Næringsliv i september 2009 fortalte han at han var i gang med å teikne nye striper.[3]
|access-date=
requires |url=
(hjelp)