Magli Elster | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. november 1912 Christiania |
Død |
11. mai 1993 (80 år) |
Yrke | lingvist, omsetjar, skribent, litteraturkritikar, lyrikar, psykolog |
Far | Ola Raknes |
Mor | Aslaug Vaa |
Ektefelle | Torolf Elster |
Born | Jon Elster |
Magli Elster (21. november 1912–11. mai 1993) var ein norsk lyrikar, omsetjar og litteraturkritikar fødd i Oslo.
Magli var dottera til lyrikaren Aslaug Vaa og psykologen og filologen Ola Raknes, og systera til bilethoggaren Anne Raknes. Ho var gift med forfattaren og kringkastingssjefen Torolf Elster, og er mor til samfunnsforskaren Jon Elster.
Ho debuterte i 1952 med samlinga «Trikken går i engen», og gjennombrotet kom med dei glødande kjærleiksdikta i den neste boka, «Med hilsen fra natten».
I 1986 vann Magli og Torolf Elster Fritt Ords Pris for deira fantasirike og meningsfulle bruk av det frie ordet i poesi og prosa og for deira brennande engasjement for flyktningane i verda.