Make a Little Magic Studioalbum av The Dirt Band | ||
Utgjeve | 1980 | |
Sjanger | ||
Lengd | 34:18 | |
Selskap | Liberty | |
Produsent | Jeff Hanna, Bob Edwards | |
The Dirt Band-kronologi | ||
---|---|---|
An American Dream (1979) |
Make a Little Magic | Jealousy (1981)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Make a Little Magic er det ellevte studioalbumet til The Dirt Band, tidlegare kalla Nitty Gritty Dirt Band.
Albumet held fram den meir polerte softrockstilen dei byrja å spele etter dei forkorta namnet sitt til The Dirt Band, men på eitt og anna spor prøver dei seg på ein litt hardare, arenarock-aktig stil, som på «Badlands».[1]
Tittelsporet på albumet vart gjeve ut på singel og nådde 77. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista, men nådde 25. plassen på Billboard Hot 100[2] med Nicolette Larson på korsong. Albumet nådde 62. plassen på Billboard 200-lista. Albumet inneheld òg ein versjon av Cindy Bullens-songen «Anxious Heart».
Allmusic skreiv om albumet: «Sjølv om intensjonen med auka energi er verdsett -- og det same er den delikate, akustiske avslutningssongen «Mullen's Farewell to America», eit nikk til den meir progressive starten deira -- er albumet best når dei gjer det litt rolegare, som på dei par songane med Larson på vokal eller den lette rytmen på «Too Good to Be True».»[1]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Make a Little Magic» | Hanna, Hathaway, Carpenter | 3:55 |
2. | «Badlands» | Hathaway, Carpenter, Hanna | 4:14 |
3. | «High School Yearbook» | Hanna, Hathaway, Carpenter | 2:44 |
4. | «Leigh Anne» | Holster | 4:10 |
5. | «Riding Alone» | Hathaway, Carpenter, Hanna | 2:20 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Anxious Heart» | Bullens, Veitch | 2:43 |
7. | «Do It! (Party Lights)» | Fadden, Carpenter, Hathaway, Hanna | 4:24 |
8. | «Harmony» | Hanna, Fadden | 4:22 |
9. | «Too Good to Be True» | Carpenter, Hanna | 3:38 |
10. | «Mullen's Farewell to America» | McEuen, Garth | 1:48 |
Liste (1980) | Plassering |
---|---|
US Billboard 200 | 62 |
Canadiske RPM Country Albums | 12 |
Canadiske RPM Top Albums | 64 |