Malisk mat er ein variert mattradisjon frå Mali, som liknar mykje på den i andre vestafrikanske land. Ein lagar typisk mat med ris, hirse eller sorghum som basiskost,[1] servert med sausar eller gryteretter av kjøt, grønsaker eller fisk, i tillegg til ulike krydder og oljer. Mali er eit svært tørt land, så avlingar og fisk blir ofte tørka for seinare bruk.[2]
Vanlege smakstilsetjingar i tradisjonen er soumbala, som blir laga av fermenterte frø frå Parkia biglobosa eller andre typar frø, saalén laga av røykt, tørka og pulverisert salta fisk og plantar som kvitlauk, lauk, graslauk og persille.
Bassi eller hirsecouscous - rett som stammar frå soninkékulturen
Gnugubala yèlèn - hirsecouscous med friske urter, olje og krydder i tabboulehstil, eten varm.
Lafiri eller soumbala-lafiri - typisk malisk saus basert på soumbala, servert med kvit ris.
Tô er grunnretten til nokre folkegrupper, som bambaraene og dogonane. Det finst to hovudvariasjonar av tô, laga av hirse eller mais. I dei rikaste familiane et ein retten med to sausar: ein raud saus laga av lauk, tomat, kjøt eller fisk og ein klistrete saus laga av okra eller baobabblad.
Bouille - vaniljepudding med ei tjukk skorpe og eit mjukt indre, laga av mjølk, egg, smør og sukker.[1]
Dégué - dessert laget av ostemasse og hirsegryn som finst i andre vestafrikanske land under andre namn
Moni - dessert laga av små kuler av hirsemjøl (det vanlegaste), mais eller sorghum som ein kokar og deretter eventuelt blandar med sukker og mjølk. Nokre familiar et det om morgonen saman med gnomi eller frou frou).
Sanglé - tjukk hirsegraut av senegalesisk opphav som har vore i Mali sidan 1600-talet.
Seri - dessert av ris.
Furu furu - frityrsteikte kaker ein gjerne et til frukost, ofte med røre av malen hirse.
Te - malisk te blir typisk servert i tre omgangar, ein sterk, kalla «død», ein søtare, kalla «liv», og den siste omgangen, kalla «kjærleik».[1]
Det finst også andre jusar, frå typiske plantar og frukter og av hirse, som guavajus, soursopjus osb. Alkoholdrikkar er lite utbreidde ettersom Mali hovudsakleg er muslimsk.[1]
Claude Arditi, Pierre Janin et Alain Marie (dir.), La lutte contre l'insécurité alimentaire au Mali : réalités et faux semblants, Karthala, Paris, 2011, 384 p. ISBN978-2-8111-0579-2
Monique Chastanet, Cuisine et société en Afrique : histoire, saveurs, savoir-faire, Karthala, Paris, 2002, 291 p. ISBN9782845862784