Man on the Corner Singel av Genesis frå albumet Abacab | ||
B-side |
Submarine | |
---|---|---|
Utgjeve | 5. mars 1982 | |
Innspelt | 1981 | |
Sjanger | Synth-pop | |
Lengd | 4:27 (album) 3:56 (spesialmiks) 3:40 (amerikansk singel) | |
Selskap | Charisma/Virgin (Storbritannia) Atlantic (U.S.) | |
Låtskrivar(ar) | Phil Collins | |
Produsent | Genesis | |
Genesis-kronologi | ||
«Keep It Dark» (1981) |
Man on the Corner | «Paperlate» (1982)
|
«Man on the Corner» er ein song av det britiske bandet Genesis frå albumet Abacab frå 1981. Songen vart gjeven ut som singel den 5. mars 1982 og er skriven av Phil Collins. Singelen nådde 41. plass på UK Singles Chart.[1]
Teksten skildrar ein mann som plar å stå på eit gatehjørne og rope til dei som går forbi. I følgje radioprogrammet In the Studio with Redbeard (som omhandla innspelinga av Abacab), er det den første songen Collins skreiv om heimløyse og kor motvillige samfunnet er til å hjelpe dei heimlause. Med berre ein enkel trommemaskinrytme har songen ein musikalsk mørk tone. Nær slutten av 1980-åra skreiv Collins igjen ein song om heimløyse med songen «Another Day in Paradise». På songen vert det nytta ein Roland TR-808-trommemaskin, før det vert byta til vanlege trommer under mellomspelet.