Margret Hagerup | |||
| |||
Fødd | 8. juni 1980 (44 år) Time kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Stavanger | ||
Alle verv |
|
Margret Hagerup (fødd 8. juni 1980) er ein norsk politikar frå Time i Rogaland. Ho har sidan 2017 representert Rogaland og partiet Høgre på Stortinget.
Hagerup var frå 2005 til 2017 tilsett i ASKO Rogaland AS, siste seks åra som personalsjef. Perioden 2011-17 var ho i tillegg medlem i formannskapet for Time. Hausten 2017 kom ho inn på Stortinget som den fjerde og siste Høgre-kandidaten frå Rogaland. Perioden 2017-21 hadde ho sete i Arbeids- og sosialkomiteen.