Margrethe Haarr | |||
Fødd | 10. april 1985 (39 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Margrethe Haarr (fødd 10. april 1985) er ein norsk politikar frå Kongsvinger som sidan oktober 2021 representerer Hedmark og Senterpartiet på Stortinget. Frå 2019 til oktober 2021 var Haarr ordførar i Kongsvinger.
Haarr har vore medlem i kommunestyret i Kongsvinger sidan i 2007. Perioden 2015–19 var ho varaordførar. Etter kommunestyrevalet 2019 tok ho over som ordførar i Kongsvinger. Ved stortingsvalet 2021 stod Haarr på fjerdeplass på Senterpart-lista i Hedmark. Partiet fekk valt to representantar, men sidan begge desse fekk sete i Støre-regjeringa, har Haarr møtt fast på Tinget i staden for Emilie Enger Mehl. Haarr er medlem i Familie- og kulturkomiteen.