Marguerita Time Singel av Status Quo frå albumet Back to Back | ||
Utgjeve | 2. desember 1983 | |
Lengd | 3:27 | |
Selskap | Vertigo | |
Låtskrivar(ar) | Rossi/Frost | |
---|---|---|
Produsent | Status Quo | |
Status Quo-kronologi | ||
«A Mess of Blues» (1983) |
Marguerita Time | «Going Down Town Tonight» (1984)
|
«Marguerita Time» er ein song av det britiske rockebandet Status Quo frå albumet Back to Back i 1983.[1] Singelen kom ut i ei dobbeltutgåve til jula det året i lag med «Caroline»/«Joanne».
Bassisten i bandet, Alan Lancaster, har uttrykt sterk misnøye mot songen og at dei spelte han inn.[2]
Songen vart spelt inn på ny i 2014 på det 31. studioalbumet deira, Aquostic (Stripped Bare).
Dexys Midnight Runners spelte inn songen som B-side til singelen deira, «This is What She's Like». Denne vart gjeven ut som bonusspor på somme utgåver av Too-Rye-Ay.
Liste (1983) | Plassering |
---|---|
UK Singles Chart | 3 |
Sveits | 23 |
Nederland | 35 |
Tyskland | 52 |
Irland | 7 |