Maria Rosetti | |
Statsborgarskap | Romania |
Fødd | 14. september 1819, 1819 Guernsey |
Død |
14. februar 1893, 25. februar 1893 (73 år) |
Yrke | journalist, redaktør |
Ektefelle | Constantin A. Rosetti |
Born | Vintilă C. A. Rosetti |
Maria Rosetti på Commons |
Maria Rosetti (fødd Marie Grant; 1819 – 25. februar [g.s. 13. februar] 1893) var ein valakisk og rumensk politisk aktivist, journalist, essayskrivar, filantrop og sosietetskvinne som opphavleg var frå Guernsey. Ho var syster av den britiske diplomaten Effingham Grant og gift med den radikale rumenske leiaren C.A. Rosetti, og hadde ei aktiv rolle i den valakiske revolusjonen i 1848. Ho hadde også langvarige vennskap med målaren Constantin Daniel Rosenthal og med Pia Brătianu, kona til den nasjonal-liberale politikaren Ion Brătianu. Ekteparet Rosetti hadde åtte barn: Mircea, Ion, Vintilă (journalist og forfattar), Horia, Elena-Maria, Toni, Floricel og Libertatea Sophia, som alle markerte seg med politiske aktivitetar.
Rosetti var dotter av kaptein Edward Grant, ein skipseigar på Guernsey, og kona hans Marie Le Lacheur, som var frå Guernsey. Familien tilhøyrde den anglikanske engelske kyrkja.[1] Familien Grant slo seg seinare ned i Plymouth. Dei hevda at dei stamma frå den skotske klanen Grant frå Cannon, men dette er uvisst.[2]
I 1837 blei den yngre broren hennar, Effingham, sekretær for Robert Gilmour Colquhoun, den britiske konsulen i Valakia. Ei kort tid seinare drog også Mary til Bucuresti, der ho arbeidde som privatlærar.[3] Her blei ho kjend med den framtidige ektemannen C.A. Rosetti, ein nær venn av Effingham Grant som tilhøyrde bojarfamlien Rosetti. Han blei forelska i henne, og dei blei etterkvart gifte.[4] Mary Grant var tilsett av familien til oberst Ioan Odobescu i den valakiske militsen, og underviste barna hans, som mellom omfatta den komande forfattaren og politikaren Alexandru.[4] På denne tida budde ho i området kring Curtea Veche i Bucuresti.[4]
Grant gifta seg C.A. Rosetti i huset til familien sin i Plymouth, med ei an anglikansk gudsteneste 31. august 1847. Dei gifta seg seinare opp att i Vien i ein ortodoks seremoni. Ved sistnemnde var Rosetti sine samarbeidspartnarar, Ştefan og Alexandru Golescu, til stades som fadrar for paret.[4]
Under revolusjonen i 1848 spelte mannen hennar ei leiande rolle i å samla innbyggjarane i Bucuresti kring den radikale saka, og sat i den provisoriske regjeringa. Då osmanske styrkar gjekk inn i landet, slo ned opprøret og arresterte leiarane, blei han teken i osmansk fangenskap og frakta i lag med andre leiande deltakarar med lekter frå Giurgiu, på veg til den austerriksk-styrte Sviniţa, nær Donau-hamnebyen Orschowa.[6] Saman med den jødiske Constantin Daniel Rosenthal følgde Maria etter skipa på land. Då ho kom fram til Sviniţa påpeikte ho for dei lokale leiarane at osmanarane hadde forlate jurisdiksjonen sin, og overtalte ordføraren i Sviniţa til å avvæpna vaktene, som igjen tillet fangane å flykta.[7] Ekteparet Rosetti drog så til Frankrike.[8] Rolla ho spelte i den siste delen av av revolusjonen blei omtalt av den franske historikaren Jules Michelet i essayet Madame Rosetti frå 1851.[9] Ho blei også æra av ektemannen, som samanlikna henne med Anita, den brasilianske kona til den italienske opprørsleiaren Giuseppe Garibaldi.[10]
Rundt 1850 fullførte Rosenthal eit av dei best omtykte måleria sine, România revoluţionară (‘Revolusjonære Romania’).[5] Ei personleggjering av landet viser ei kvinne i rumensk folkedrakt i ei avbilding av Maria Rosetti.[10][11] Kunstnaren døydde i juli 1851, etter eit forsøk på å kryssa grensa til Valakia der han blei stoppa av austerrikske styresmakter og torturert til døde i Budapest.[12] I 1878 skreiv Maria Rosetti ein tekst i bladet sitt Mama şi Copilul (‘Mor og barn’) der ho prisa den døde vennen sin: «[Rosenthal var] ein av dei beste og dei mest lojale menneska Gud skapte i sitt bilde. Han døydde for Romania, for fridommane til det; han døydde for rumenske venner. [...] Denne vennen, denne sonen, denne martyren for Romania er ein israelitt. Namnet hans var Daniel Rosenthal.»[13]
I 1850-åra, før og etter Paris-kongressen i 1856, kunne familien venda tilbake til Donau-fyrstedøma (Moldavia og Valakia). Maria Rosetti og mannen la energien sin i å støtta nasjonalpartiet, Partida Naţională, som arbeidde for at Vallakia skulle gå i union med Moldavia (noko som fann stad i 1859 då Alexandru Ioan Cuza blei vald til prins av Vallakia, og deretter domnitor for begge statane).[14] Ho samarbeidde med C.A. Rosetti om talrike utgjevingar, mellom anna avisa Românul, før ho byrja gje ut sitt eige vekeblad, Mama şi Copilul.[15][16] Dette gav hovudsakleg råd om opplæring av unge barn,[17] og kom ut mellom 1865 og 1866. Slike aktivitetar gjev Rosetti ein mogleg status som den fyrste kvinnelege journalisten i Romania, før Maria Flechtenmacher.[18][19]
Seinare var Maria Rosetti med på å skipa velgjerdstilstellingar og offfentlege seremoniar. I 1866–1867 samla ho inn middel mot svolt, og i 1871 organiserte ho feiringar i Putna i Moldavia. Prestisjen hennar steig særleg etter 1875, då C.A. Rosetti blei med i leiarskapen til Partidul Național Liberal.[20] Som journalist skreiv ho artiklar til støtte for kvinnefrigjering.[4] I 1877, då Romania erklærte sjølvstende og gjekk saman med Russland i den anti-osmanske krigen, samla Maria Rosetti inn midlar til støtte for såra, og skipa og dreiv sjukehuset i Turnu Măgurele.[4][21]
Maria og C.A. Rosetti fekk åtte barm, men berre fire voks opp til vaksen alder. Dette var dottera Liberty Sofia (kjend som Libby, fødd i juni 1848) og tre søner fødde i eksil: Mircea, Vintilă og Horia Rosetti.[4] Bror hennar slo seg også ned i Romania og gifta seg med Zoe, dottera til den valakiske landeigaren og politikaren Alexandru Racoviţă (eit av barna deira var målaren Nicolae Grant).[22] Gjennom Effingham, som var inngift i Racoviţă-familien, var Maria Rosetti fjernt i slekt med legen Carol Davila og sonen hans, dramatikaren Alexandru Davila.[23]
Då ho døydde blei det gjeven ut ein omfattande nekrolog for Rosett i detn nasjonalliberale avisa Voinţa Naţională, som utropte henne som ei av dei mest framståande rumenske kvinnene i sin generasjon. Skriftene hennar frå 1860-åra blei samla og gjevne ut i 1893 med ein introduksjon av Michelet.[24] Ho er også ein av figurane i Camil Petrescu sin roman Un om între oameni. I sentrale Bucuresti, nær Bulevardul Magheru, er ei gate kalla opp etter henne — den austlege fortsetjinga av C. A. Rosetti-gata. Ein skule i bydelen Floreasca har også namn etter henne. Det blei gjeve ut fleire monografiar om livet hennar under den rumenske kommunisttida.[25]