Marianne Sivertsen Næss | |||
![]() | |||
Fødd | 28. mars 1974 (50 år) Hammerfest kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Marianne Sivertsen Næss (fødd 28. mars 1974) er ein norsk lærar, byråkrat og politikar frå Hammerfest. Ho har vore fiskeriminister sidan 19. april 2024.[1] I 2021 var ho valt inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Finnmark fylke.[2]
Næss har vore avdelingsleiar ved Finnmarkssykehuset i Hammerfest og rektor ved den vidaregåande skulen i Hammerfest. Ho var ordførar i Hammerfest kommune frå 2019 til 2021. Ved stortingsvalet 2021 var ho partiet sin andrekandidat i Finnmark, innvald til Stortinget med god margin. På Tinget vart ho medlem i Energi- og miljøkomiteen. Etter komiteleiaren, Terje Aasland, vart utnemnd til statsråd i Støre-regjeringa, vart Næss vald til leiar av komiteen den 24. mars 2022.[2]