Marie Takvam | |
Marie Takvam i 1965 Foto: Rigmor Dahl Delphin / Oslo Museum
| |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. desember 1926 |
Død |
28. januar 2008 (81 år) |
Periode | 1952 - 1990 |
Sjanger | Lyrikk, barnelitteratur |
Born | Magnus Takvam |
Debut | Dåp under sju stjerner |
Marie Takvam på Commons |
Marie Takvam (6. desember 1926–28. januar 2008) var ein norsk forfattar frå Hjørundfjord i Ørsta kommune på Sunnmøre. Ho flytta til Oslo for å studera psykologi, og budde deretter der i mange år.
Takvam debuterte 25 år gammal med Dåp under sju stjerner. Ho vart kjend, ikkje berre for dikta sine, men òg for venleiken sin, og det til tider harde livet ho levde. Ho gjekk gjennom ei skilsmisse og hadde alkoholproblem som ho fortalde ope om til media.
Takvam var vener med mellom andre Aslaug Vaa, Inger Hagerup og Halldis Moren og Tarjei Vesaas. Inspirasjonen til dikta sine skal ho likevel ha funne i sitt eige liv.
Takvam har òg arbeidd i Barnetimen og skrive barnebøker.