Marit Knutsdatter Strand | |||
| |||
Fødd | 27. april 1992 (32 år) Lørenskog | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Noregs miljø- og biovitskaplege universitet | ||
Alle verv |
|
Marit Knutsdatter Strand (fødd 27. april 1992) er ein norsk lektor og politikar frå Øystre Slidre i Valdres. Frå 2017 til 2025 representerte ho Oppland og Senterpartiet på Stortinget.
Strand er utdanna i realfag ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet.
Ho var medlem 2015-19 i Øystre Slidre kommunestyre.
Ved stortingsvalet 2017 var ho Senterpartiet sin andrekandidat i Oppland, fekk plass på Stortinget med knapp margin. Tingperioden 2017-21 var ho medlem i Utdannings- og forskningskomiteen.
I stortingsvalet 2021 var ho førstekandidat og vart attvald. Ho heldt fram i Utdannings- og forskingskomiteen, no som første nestleiar.
I mai 2024 varsla ho at ho ikkje tok attval som stortingsrepresentant. I staden flytta ho med familien tilbake til Beito i Valdres for å bli bonde på fulltid.[1]