Marit Tusvik
|
Marit TusvikFoto: Gunhild Bøygard
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
13. mars 1951 (73 år) Høyanger kommune
|
Yrke |
Forfattar, omsetjar
|
Periode |
1979-
|
Sjanger |
Romanar, dikt, drama, bøker for barn
|
Debut |
Reisa til mandarinlandet, 1979
|
Marit Tusvik på Commons
|
Marit Tusvik (fødd 13. mars 1951) er ein norsk forfattar, dramatikar og omsetjar frå Høyanger i Sogn i Sogn og Fjordane som debuterte i 1979. Ho skriv romanar, dikt, skodespel, bøker for barn og unge, biletbøker, manus til film og er omsetjar i ulike sjangrar. Ho har illustrert nokre av bøkene sine sjølv. Marit Tusvik har motteke fleire litterære utmerkingar, skodespela har blitt framført ved ulike teater og eit par av dei er filma for fjernsyn. Marit Tusvik skriv på nynorsk og på bokmål. Tekstane hennar er omsette til fleire språk.
Tusvik debuterte med dikt- og prosasamlinga Reisa til mandarinlandet i 1979. Mugg er tittelen på dramadebuten hennar, og den fekk ho Ibsenprisen for i 1991. Ishuset, roman utgitt i 1991, vart skriven om til skodespel og urframført av Sogn og Fjordane teater i 2010.
Store Norske Leksikon skriv: «Hennes første roman, Ishuset (1991), dramatisert (2009), viser hennes evne til å kombinere følsom menneskeskildring med nøktern humor, og i romanen Bell (1995) tegner hun et poetisk bilde av avvisning og avhengighet gjennom to kvinners beretninger om det tette forholdet de hadde som unge. Nord (1999) er en bredt anlagt roman, der norsk vestland og arabisk miljø blir vevd inn i hverandre. Sigrid Finne (2007) er et kjærlig portrett av Tusviks mor. Romanen Deilig er jorden (2009) er en barndomsskildring fra et lite sted på Vestlandet.»[1]
«Fabulerende 'altmuligkvinne…'»,[2] skreiv litteraturforskar Øystein Rottem om forfattarskapen til Marit Tusvik til og med 1995.
- 1989 – Den Store dikt- og regleboka : bind 2 (Stabekk: Bokklubbens Barn). ISBN 82-525-1546-0 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Tenk at vinden, Mors gode råd, Tyggisen, Uimotståeleg / Marit Tusvik]
- 1990 – Tornado og andre noveller for barn (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-3538-2 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Må eg alltid vere lik meg? / Marit Tusvik]
- 1991 – Noveller : av diktere i dette landet preget av vinter (Oslo: Messel). ISBN 82-7631-003-6 [Av innhaldet: Ferien, Marit Tusvik]
- 1994 – 'Ein Blomstervang for din fot-' : norske kjærleiksdikt : i utval (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-4410-1 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Smalare ; Flytt deg litt da ; Ute er kvelden lett / Marit Tusvik, s. 87-89]
- 1995 – Natt i nytt hus : nye dikt for deg og andre barn (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-4614-7 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Klage frå ein prestekrage, Fargebad, Kra kra, Inga Løysing / Marit Tusvik]
- 1997 – Vårboka (Oslo: Damm). ISBN 82-517-7368-7 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Hestehov / Marit Tusvik]
- 1997 – Høstboka (Oslo: Damm). ISBN 82-517-9099-9 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Tenk at vinden / Marit Tusvik]
- 1998 – Sommerboka (Oslo: Damm). ISBN 82-517-8991-5 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Den næraste nærbutikken / Marit Tusvik]
- 1998 – Labyrinter (Oslo: Gyldendal Tiden). ISBN 82-478-0157-4 I fulltekst ved nb.no [Av innhaldet: Barndomen, Mamma og pappa, Tippa / Marit Tusvik]
- 2008 – Frihet som livsbetingelse. 1 (Oslo: Transit). ISBN 82-7596-073-8 [Av innhaldet: Vi to / Marit Tusvik]
- 2008 – Les for meg! (Oslo: Samlaget). ISBN 978-82-521-7179-2 [Av innhaldet: Kra kra / Marit Tusvik]
- 2014 – Bibeldikt (Oslo: Verbum). ISBN 978-82-543-1292-6 [Av innhaldet: Å kome attende dit ein aldri før har vore / Marit Tusvik]
- 2015 – Ren poesi (Oslo: Cappelen). ISBN 978-82-02-48625-9 [Av innhaldet: Men kvifor, Godt å vite / Marit Tusvik]
- 2023 – Eg vil vere her : dikt til trøyst (Oslo: Samlaget). ISBN 9788234006319 [Redaktør: Olaug Nilssen. Inneheld dikt av Marit Tusvik]