Mark Hallman | |||
Fødd | 1. august 1951 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Benton Harbor, Michigan i USA | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Rock, indierock, alternativ rock, americana | ||
Instrument | Klaverinstrument, gitar, bass, trommer, vokal | ||
Tilknytte artistar | Carole King, Dan Fogelberg, Ani DiFranco, Navarro | ||
Verka som | Produsent, lydteknikar, låtskrivar, multi-instrumentalist |
Mark Hallman (fødd 1. august 1951) er ein USA-amerikansk produsent, låtskrivar, lydteknikar og multi-instrumentalist. Han har arbeidd med Carole King[1] (spelte på seks av albuma hennar som musikar og produsent), Ani DiFranco og Eliza Gilkyson.[2]
I midten av 1970-åra var han ein av dei to fremste musikarane og låtskrivarane i rockebandet Navarro frå Boulder i Colorado. Navarro gav ut to album på Capitol Records, Listen i 1977 (produsert av Hallman) og Straight From the Heart i 1978.
I 1995 valde Ani DiFranco å spele inn albumet Dilate i studioet til Hallman, Congress House. Songen «Glass House» vart spelt inn med Hallman som ein av lydteknikarane på albumet til DiFranco frå 1999, Little Plastic Castle, som vart nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege rockevokalist.[3][4]
År | Album | Artist | Rolle |
---|---|---|---|
2015 | Restless Ones | Heartless Bastards | lydteknikar, miksing |
2011 | Roses at the End of Time | Eliza Gilkyson | miksing, mastering, musikar, vokalharmoni |
2008 | Cinderblock Bookshelves | Rain Perry | produsent, lydteknikar, miksing, musikar |
2007 | Pure and Crooked/Skeleton Keys | Iain Matthews | produsent, lydteknikar, miksing, musikar |
2003 | Evolve | Ani DiFranco | lydteknikar |
1998 | Little Plastic Castle | Ani DiFranco | lydteknikar |
1996 | Dilate | Ani DiFranco | lydteknikar |
1994 | Time Gone By | Carole King | produsent |
1977 | Listen | Navarro | musikar |
1977 | Simple Things | Carole King | musikar |