Mark Rivera

Mark Rivera

Mark Rivera med Billy Joel i 2008
Fødd1952 (72 år)
FødestadBrooklyn, New York, USA
OpphavUSA
Aktiv1967–
SjangerRock, pop
Instrumentsaksofon, vokal, gitar, fløyte, perkusjon, klaverinstrument
Verka somMusikar, songar, musikalsk leiar

Mark Rivera (fødd 1952) er ein amerikansk saksofonist, multi-instrumentalist, musikar og musikalsk leiar, mest kjend for arbeidet sitt med Billy Joel. I tillegg til å spele saksofon, syng Riviera og spelar gitar, fløyte, perkusjon og klaverinstrument.

Rivera spelte i bandet Tycoon i midten av 1970-åra, og via dette bandet møtte han den legendariske produsenten Robert John «Mutt» Lange. Lange, var knytt til Mick Jones og Lou Gramm frå Foreigner.

I løpet av åra har Rivera arbeidd med Hall & Oates, Tycoon, Peter Gabriel på det banebrytande albumet So - der Rivera speler og arrangerer blåsarar for «Sledgehammer» og «Big Time», Simon & Garfunkel, John Lennon, Billy Ocean og Eagles-gitaristen Joe Walsh.

Rivera har spelt med Billy Joel og bandet hans sidan 1982, då han erstatta Richie Cannata.

I 1995 vart Rivera med Ringo Starr & His All-Starr Band på fleire turnear.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]