Marlene Moses | |||
| |||
Fødd | 1961 (63 år) Aiwo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Nauru | ||
Yrke | diplomat, politikar | ||
Utdanna ved | University of Melbourne | ||
Alle verv |
Marlene Inemwin Moses (fødd 1. januar 1961) er ein naurisk politikar, og medgrunnleggjar av opposisjonspartiet Naoero Amo. Sidan 30. mars 2005 har ho vore den nauriske SN-ambassadøren.
Moses byrja etter utdanninga sin karriere som politikar i 1983, som tilsett i det nauriske utanriksdepartementet. I 1988 vart ho konsul i Tokyo, og i 1991 generalkonsul i Auckland.
Til 2003 var Moses helseminister, og var medlem av det nauriske parlamentet. Då Nauru vart medlem av SN i 1999 vart ho viseambassadør. I mars 2005 tok ho over som ambassadør etter Vinci Clodumar.[1]