Maroun al-Rass | |||
مارون الراس | |||
landsby | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
guvernement | Nabatieh guvernement | ||
Distrikt | Bint Jbeil distrikt | ||
Høgd | 911 moh. | ||
Koordinatar | 33°04′50″N 35°25′20″E / 33.08056°N 35.42222°E | ||
Retningsnummer | +961 | ||
Maroun al-Ras 33°06′04″N 35°26′38″E / 33.101111111111°N 35.443888888889°E | |||
Kart som viser Maroun al-Ras.
| |||
Wikimedia Commons: Maroun al-Ras |
Maroun al-Ras (arabisk مارون الراس) er ein landsby i Libanon i Jabal Amel i Bint Jbeil distrikt i Nabatiye guvernement sør i Libanon. Han ligg kring 120 km søraust for Beirut, og kring 1 km frå grensa til Israel.
Den 1. mars 1978 vart landsbyen okkupert av ein styrke på 60 falangistar, som kom frå landsbyane kring Ain Ebl på vegner av det israelske militæret. Ein trur dei vart leia av israelarar som vart varmt teke i mot av innbyggjarane. I Maroun al-Ras var derimot innbyggjarane sjiamuslimar, som raskt bad om hjelp frå Fatah og deira libanesiske allierte. Falangistane hadde fått lovnader om luftstøtte frå Israel om dei møtte motstand, men dette fekk dei aldri. Sju falangistar vart drepne då palestinarane nådde fram og resten av falangistane måtte flykte. Etter denne episoden sette israelarane ut ei gruppe soldatar for å verne Ain Ebl mot hemnåtak, og dei vart verande der fram til Israel invaderte Libanon to veker seinare.[1]
Landsbyen var åstad for ei stor konfrontasjon mellom det israelske forsvaret og Hizbollah under Libanonkrigen i 2006.[2]
Maroun al-Ras ligg strategisk til med utsyn over dei kringliggande bane. Landsbyen ligg 911 meter over havet.
Under slaget ved Maroun al-Ras i 2006, vart landsbyen okkupert av Israel. Landsbyen vart hevda å vere ein skanse for Hizbollah og ein av stadane det vart skote opp rakettar mot Israel frå.[3]