Martin Hole

Martin Hole
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. juli 1959
Hol kommune
Død 20. februar 2024 (64 år)
Idrett langrenn
Tok del i Vinter-OL 1988, Ski-VM 1985, Ski-VM 1987

Martin Hole (28. juli 195920. februar 2024) var ein norsk langrennsløpar frå Geilo. Han vart noregsmeister to gongar, på 15 km i 1985 og 30 km i 1986. Dessutan vann han ein sølvmedalje og fire bronsemedaljar i NM-renn. Beste meisterskapsplasseringa i store internasjonale meisterskap kom under verdsmeisterskapen i Oberstdorf i 1987 då han vart nr 11 på 50 km. Fremste internasjonale prestasjonen var likevel tredjeplassen i verdscuprennet i Falun i 1986. Hole var medlem av Geilo Idrettslag.

Martin Hole døydde av kreft 20. februar 2024, 64 år gammal.[1]

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

[endre | endre wikiteksten]
  • 1983: Nr 9 på 30 km, Sarajevo
  • 1985: Nr 8 på 15 km, Holmenkollen, nr 14 på 15 km under VM, Seefeld
  • 1986: Nr 3 på 30 km, Falun
  • 1987: Nr 6 på 50 km, Holmenkollen, nr 11 på 50 km under VM, Oberstdorf
  • 1987/8: Nr 10 på 15 km, La Clusaz

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Tidligere norgesmester Martin Hole er død» (på norsk bokmål). NRK. Henta 1. mars 2024. 
  • Sportsboken, aktuelle årgangar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]