Martin Strandli | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. januar 1890 Stange kommune |
Død |
14. januar 1973 (82 år) |
Yrke | politikar, fagforeiningsleiar |
Politisk parti | Arbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti |
Martin Strandli på Commons |
Martin Strandli (28. januar 1890–14. januar 1973), var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet og kommunal tenestemann i Oslo, namngjeten for å ha skipa bustadbyggjelaget Oslo Bolig og Sparelag (OBOS) (då kalla OOBS) i 1929 saman med arkitekt Jacob Christie Kielland.
Martin Strandli var fødd og oppvakse i Stange i Hedmark og flytta som ungdom til Oslo, der han budde då han døydde. Han var opphavleg utdanna som snikkar, og arbeidde som byggjeleiar i åra 1922 til 1933, og som hovudkasserar i Bygningsindustriarbeiderforbundet i åra frå 1933 til 1937 og 1945 til 1946. Frå 1937 var han styreformann på heiltid i bustadbyggjelaget OBOS, fram til han vart arrestert av den tyske okkupasjonsmakta i 1942. Han var direktør i Oslo Bolig og Sparelag (OBOS) i åra 1946 til 1960, og med det ein drivande kraft attom den storstilte bustadutbygginga i Oslo i åra etter den andre verdskrigen, serleg utbygginga av dei fyrste drabantbyane i dei områda som tidligare hadde vore landbruksområde i Aker kommune. I 1950 var han heidra med St. Olavs Orden, og i 1958 med Oslos eigen St. Hallvard-medaljen, ei heider til dei som har gjort ein særs verdfull innsats for Oslo by.