Masafi

Masafi
by
Masafi fort
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Ras Al Khaimah, Fujairah
Høgd 567 moh.
Koordinatar 25°18′48″N 56°9′46″E / 25.31333°N 56.16278°E / 25.31333; 56.16278
Kart
Masafi
25°18′48″N 56°09′46″E / 25.313333333333°N 56.162777777778°E / 25.313333333333; 56.162777777778
Kart som viser Masafi.
Kart som viser Masafi.
Kart som viser Masafi.

Masafi er ein landsby langs foten av Hajarfjella i Dei sameinte arabiske emirata. Fram til nyare tid, før Sharja/Kalba-vegen og vegen mellom Dibba og vegen 311 vart bygd, var vegen gjennom Masafi den einaste vegen frå det indre av landet til austkysten av Emirata. Vegen frå innlandsbyen Dhaid deler seg ved Masafi og fører til Dibba i nord og Fujeirah i sør.

Det er gjort fleire utgravingar med funn attende til bronsealderen i Masafi,[1] mellom anna eit nyleg restaurert stein- og adobefort, som er mindre men i same stil som det nærliggande fortet i Al Bithnah. Nær fortet ligg eit flott døme på ein falaj, ein underjordisk vassveg som vart bygd for å føre vatn frå fjella til oasebyane i det indre av landet.[2]

Det låg ei ujamn flystripe ved Masafi som vart nytta av omanske speidarar under Traktattida.[3]

Falaj (menneskeskapt vatningsanlegg) ved Masafi Fort
Vêrdata for Masafi i Dei sameinte arabiske emirata
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 28,6 30 34,5 40,8 42,9 44,3 43,3 43,8 41,9 38,7 34,1 29,5 37,7
Gjennomsnittleg min °C 7,6 6,7 11,4 13,4 18 22,7 25,6 24,7 21,6 18,3 13,9 8 16
Gjennomsnittleg nedbør mm 21,5 23,8 6,9 14,8 0 0,1 0,4 2,4 4,7 7,9 3 9,4 94,9
Kjelde: [1]

Vasstapping

[endre | endre wikiteksten]

Masafi er ei produsent av vatn på flaske, juice og andre varer. Det ligg ein vasstappingsfabrikk nord i byen, i Ras Al Khaimah. Her vert det produsert opp mot 90 000 flasker i timen, og er det einaste nasjonale mineralvatnet i Emirata.[4]

Fredagsmarknaden i Masafi - i røynda open heile veka.

Fredagsmarknaden i Masafi

[endre | endre wikiteksten]

Kring fem kilometer vest for Masafi (ved Dhaidvegen), ligg Fredagsmarknaden i Masafi (Souk Al Juma'a) som i røynda er open alle dagar i veka og har blitt eit populært turistmål, med mange bodar som sel leiketøy, suvenirar, planter, teppe, keramikk og frukt og grønsaker.[5] Ein stor del av marknaden vart øydelagd i ein brann den 30. mai 2015.[6]

  1. «French archaeological team discoveries in Fujairah». Fujairah in Focus. January 24, 2012. Henta October 2014. 
  2. Al Deberky, Salah (25. juli 2012). «History Rediscovered in Fujairah». Khaleej Times. Arkivert frå originalen 15. oktober 2014. Henta October 2014. 
  3. «Old Airfield in Masafi». PPRuNe. August 2007. Henta October 2014. 
  4. «Masafi Production Facilities». Masafi. Henta October 2014. 
  5. «Masafi Friday Market». UAE Interact. Arkivert frå originalen 21. august 2016. Henta October 2014. 
  6. «Fire guts Friday Market in Masafi». gulfnews.com. Arkivert frå originalen 22. august 2016. Henta 9. oktober 2016.