Mateusz Przybylko | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 9. mars 1992 (32 år) Bielefeld |
Idrett | friidrett |
Tok del i | VM i friidrett 2015, EM i friidrett innendørs 2015, Friidrett under Sommar-OL 2016, VM i friidrett innandørs 2018, EM i friidrett 2018 – Høydehopp menn |
Mateusz Przybylko (fødd 9. mars 1992) er ein tysk høgdehoppar fødd i Bielefeld av polske foreldre. Han vart europameister i øvinga i 2018.
Przybylko vart utslått i høgdehopp-kvalifiseringa både under Friidretts-VM 2015 og OL 2016. Den 25. juni 2017 presterte han livsbeste 2,35 meter i Bottrop. To månader seinare vart han femtemann i VM i friidrett 2017 i London. Ved EM i friidrett 2018 i Berlin vann han gullmedaljen då han som den einaste tok seg over 2,35 meter. Han var langt unna finaleplass i så vel VM 2019 som i Tokyo-OL i 2021. Derimot tok han i 2022 seg vidare frå kvalifisering til både VM-finale i Eugene og til EM-finale i München, og enda med høvesvis 12. og 6. plass i dei to meisterskapane.
Przybylko var tysk meister 2017, 2018, 2020.