Mats Fransson

Mats Fransson
Statsborgarskap Sverige
Fødd 1. juni 1962 (62 år)
Lysekil
Idrett handball
Tok del i handball at the 1988 Summer Olympics – men's tournament, 1981–82 Allsvenskan, Handball-VM 1990 for menn

Mats Bertil Fransson (fødd 1. juni 1962) er ein svensk tidlegare handballspelar frå Lysekil som i 1990 vart verdsmeister med Sveriges landslag. Han var målvakt og vart elles svensk meister 1982 med IK Heim og norsk meister med IL Runar så vel som Sandefjord TIF.

Fransson vart svensk meister i 1982 med IK Heim, ein klubb som høyrde heime i Göteborg. Under verdsmeisterskapen 1990 danna han målvaktspar med legendariske Mats Olsson, ein meisterskap som enda med svensk gullmedalje etter finalesiger 27 - 23 over Sovjetunionen. Perioden 1984-99 deltok Fransson i 95 landskampar for Sverige.

Perioden 1992-98 var Fransson Runar-spelar. Han var sterkt delaktig i at klubben vann NM-gull i 1992 og 1995/96. I 2002 kom Fransson tilbake til Noreg, spelte då for Sandefjord TIF til 2005. Med Sandefjord vann han ytterlegare to NM-gull; 2002/03 og 2003. Sidan var han atter Runar-spelar 2005-07, før han trappa ned med spel for HK Herulf på nivå 2 i det norske seriesystemet.