Maybe I'm a Leo Song av Deep Purple frå albumet Machine Head | ||
Utgjeve | Mars 1972 | |
Innspelt | 6–21. desember 1971, Montreux i Sveits | |
Sjanger | ||
Lengd | 4:52 | |
Selskap | EMI (Storbritannia) Warner Bros. (USA) | |
Tekstforfattar | Roger Glover | |
Låtskrivar(ar) | Ritchie Blackmore Ian Gillan Roger Glover Jon Lord Ian Paice | |
---|---|---|
Produsent | Deep Purple |
«Maybe I'm a Leo» er ein song av det britiske rockebandet Deep Purple, frå 1972 på albumet deira Machine Head.
Roger Glover sa: «Eg skreiv riffet til 'Maybe I'm a Leo' etter å ha høyrt John Lennon-songen 'How Do You Sleep?'. Eg likte ideen om at riffet ikkje starta på nedtakten, slik 99 % av riffa gjer. Dei fleste av låtane på Machine Head var frå første forsøk, eller ikkje lenge etter.»[1]
Vokalist Ian Gillan er fødd i løva (fødd 19. august), den einaste gruppemedlemmen på den tida med dette stjerneteiknet.
Songen vart sjeldan spelt av bandet live, men tre liveopptak av han er gitt ut på album: Deep Purple in Concert, spelt inn i 1972, Live at the Olympia '96 og Live at Montreux 2011.
SACD-versjonen av Machine Head har ein alternativ gitarsolo på «Maybe I'm a Leo».