Mefalsim | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Nord-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Sha'ar HaNegev | ||
Koordinatar | 31°30′6.83″N 34°33′51.83″E / 31.5018972°N 34.5643972°E | ||
Folketal | 1 038 (2021)[1] | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
• Grunnlagd av | latinamerikanske jødar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Mefalsim 31°30′07″N 34°33′52″E / 31.501897222222°N 34.564397222222°E | |||
Kart som viser Mefalsim.
| |||
Wikimedia Commons: Mefalsim |
Mefalsim (hebraisk skrift מְפַלְּסִים, tyder Vegbanarar) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nær Gazastripa og dekkjer 11 000 mål. Han ligg i Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2012 hadde han 950 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd i 1949 av medlemmar av ungdomsrørsla MAMLT, dei fleste av dei immigrantar frå Argentina og Uruguay.[2] Han vart kalla opp etter immigrantar frå Latin-Amerika som bana veg for andre til å gjere aliyah.
Etter Israel trekte seg ut frå Gaza i 2005, tok Mefalsim i mot somme av familiane som måtte flytte. Sidan 2001 har dusinvis av rakettar skotne opp frå Gazastripa råka landsbyen. Nokre få bygningar er blitt øydelagde, mellom anna ein barnehage (2012).[3]