Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 18. april 1992 | ||
Fødestad | Chicago | ||
Posisjon | Angrep | ||
Ungdomsklubbar | |||
Lyngbø SK | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2009–2013 | Sandviken | 71 | (31) |
2014– | Stabæk | 162 | (81) |
Landslag | |||
2010–2011 | Noreg J19 | 23 | (28) |
2012 | Noreg J20 | 6 | (2) |
2011–2015 | Noreg U23 | 11 | (1) |
2013– | Noreg | 21 | (4) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 22. november 2022 ‡ Landslagsmål oppdatert 22. november 2022 |
Melissa Linn Berman Bjånesøy (fødd 18. april 1992 i Chicago) er ein amerikansk-fødd norsk fotballspelar som spelar for Stabæk i Toppserien.[1]
Bjånesøy spela aldersbestemt fotball i Lyngbø SK før ho gjekk til Sandviken. Ho fekk i 2011 Statoils talentpris.[2] Etter at Sandviken rykka ned frå Toppserien i 2013, var ho ønska av ei rekkje toppklubbar. Ho valde å signere for Stabæk før 2014-sesongen.[3]
Bjånesøy har landskampar for J19, U20, U23 og det norske A-landslaget.
Bjånesøy vart toppscorar i U-19-EM i 2011, med sju scorande mål.[4] Ho scora i alle fem kampane frå gruppespelet og fram til finalen, der Noreg tapte 8–1 for Tyskland.
Bjånesøy debuterte for det norske A-landslaget i januar 2012 mot Sør-Korea. I hennar andre A-landslagskamp scora ho sitt fyrste mål mot Kina.[5]