Mellow Yellow

Mellow Yellow
Singel av Donovan
frå albumet Mellow Yellow
B-side

«Sunny South Kensington» (USA)
«Preachin' Love» (UK)

Utgjeve 24. oktober 1966 (USA)
februar 1967 (UK)
Innspelt September 1966
Sjanger Pop
Lengd 3:42
Selskap Epic 5-10098
Pye 7N 17267
Låtskrivar(ar) Donovan
Produsent Mickie Most
Donovan UK-kronologi 
«Sunshine Superman»
(1966)
Mellow Yellow «There is a Mountain»
(10/1967)
Donovan USA-kronologi
«Sunny Goodge Street»
(1966)
Mellow Yellow «Epistle to Dippy»
(2/1967)


«Mellow Yellow» er ein song og singel av Donovan. Han nådde andreplassen på den amerikanske Billboard-lista i 1966.

Det gjekk før rykte om at songen omhandla det å røyke tørka bananskal, som ein trudde hadde ein hallusinogen effekt i 1960-åra, sjølv om dette sidan har vorte avvist. I følgje teksten som følgde albumet Donovan's Greatest Hits, så vart rykte om at ein kunne verte dopa på å røyke bananskal starta av Country Joe McDonald i 1966, og Donovan høyrte rykte tre veker før «Mellow Yellow» kom ut som singel. I følgje The Rolling Stone Illustrated Encyclopedia of Rock and Roll, innrømde han seinare at songen var ein refernase til ein gul vibrator, omtalt i teksten som ei «elektrisk banan». Uttrykket «mellow yellow» dukkar opp på side 719 i den første amerikanske utgåva av James Joyce-romanen Ulysses, der det vert nytta til å omtale rumpa til Mrs. Marion Bloom, men det er ikkje kjend om Donovan fekk uttrykket der i frå.[1]

Plata har ei Beatles-aktig kjensle, og vart stundom tatt for å vere ein Beatles-song. Donovan var gode vener med the Beatles. Paul McCartney kan mogelegens høyrast som ein av folka som pratar i bakgrunnen på songen, men i motsetnad til populære rykte, er det ikkje McCartney som kviskrar «quite rightly» i refrenget. Det er det Donovan sjølv som gjorde.

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1966–67) Plassering
Australia (Go-Set National Top 40)[2] 7
Australia (Kent Music Report)[3] 8
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[4] 12
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[5] 7
Canada Top Singles (RPM)[6] 2
Frankrike (IFOP)[7] 16
Tyskland (Media Control AG)[8] 16
Irland (IRMA)[9] 15
Italia (FIMI)[10] 14
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[11] 14
Nederland (Mega Single Top 100)[12] 12
Noreg (VG-lista)[13] 7
UK Singles (Official Charts Company)[14] 8
US Billboard Hot 100[15] 2
US Cash Box[16] 3
US Record World[17] 1

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1967) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[18] 63
Italia (FIMI)[10] 69

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

R&B- og jazz-songaren Georgie Fame spelte inn si utgåva av songen med eit heilt anna arrangement.

Songen har vore nytta for nytta i fleire reklamefilmar, ofte med anna tekst.

Jimi Hendrix refererte til songen i songen hans «Bold As Love», medan Frank Zappa refererte til songen på «Absolutely Free» på albumet We're Only In It For The Money (1967).

  1. http://new.music.yahoo.com/donovan/tracks/mellow-yellow--37342240/#lyrics
  2. «Go-Set Australian charts – 11. januar 1967». Go-Set. Poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 26. mars 2018. Henta 5. april 2018. 
  3. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Chart Positions Pre 1989 Part 3». Australian-charts.com. Hung Medien. Arkivert frå originalen 20. oktober 2013. Henta 5. april 2018. 
  4. "Donovan – Mellow Yellow – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 5. april 2018.
  5. "Ultratop.be – Donovan – Mellow Yellow" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 5. april 2018.
  6. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 5. april 2018.
  7. «Le Détail par Artiste» (på fransk). InfoDisc. Select «Donovan» from the artist drop-down menu. Henta 12. mai 2016. 
  8. "Donovan - Mellow Yellow". Charts.de. Media Control. Henta 5. april 2018.
  9. "The Irish Charts – Search Results – Mellow Yellow". Irish Singles Chart. Retrieved 5. april 2018.
  10. 10,0 10,1 «I singoli più venduti del 1967» (på italiensk). Hit Parade Italia. Creative Commons. Henta 5. april 2018. 
  11. "Nederlandse Top 40 – Donovan - Mellow Yellow search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 5. april 2018.
  12. "Dutchcharts.nl – Donovan – Mellow Yellow" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 5. april 2018.
  13. "Norwegiancharts.com – Donovan – Mellow Yellow". VG-lista. Hung Medien. Henta 5. april 2018.
  14. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 5. april 2018.
  15. «Mellow Yellow – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 5. april 2018. 
  16. «CASH BOX Top 100 Singles – Week ending DECEMBER 17, 1966». Arkivert frå originalen 5. oktober 2012. . Cash Box magazine.
  17. «100 Top Pops» (PDF). Record World: 19. 17. desember 1966. Henta 9. september 2017. 
  18. «Jaaroverzichten 1967» (på nederlandsk). Ultratop. Hung Medien. Henta 5. april 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]