61°29′26.95″N 8°37′48.25″E / 61.4908194°N 8.6300694°E
Memurubu | |||
| |||
Memurubu 61°29′29″N 8°37′42″E / 61.491413°N 8.628387°E |
---|
Memurubu er ei turisthytte i Lom kommune i Innlandet. Hytta ligg 1008 moh., ved nordbreidda av Gjende i Meurubudalen. Her er 150 sengeplassar.
Memurubu var opphavleg ei steinbu, som vart kjøpt inn av Den Norske Turistforening i 1870. Ei privat turisthytte vart oppført på same stad i 1893 og er seinare utvida. Nybygg stod ferdig i 1993. Den gamle hovudbygningen vart 25. august i 1998 totalskadd i brann, men vart bygd opp att og opna i 2002 med plass til 150 senger.