Mercy Cherono

Mercy Cherono


Statsborgarskap Kenya
Fødd 7. mai 1991 (33 år)
Kericho
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2014

Mercy Cherono (fødd 7. mai 1991) er ein kenyansk langdistanseløpar som vann VM-sølv på 5 000 meter i 2013.

Cherono utmerkte seg særleg i terrengløping i unge år. Perioden 2011-16 representerte ho jamt Kenya i dei store meisterskapane på 5 000 meter. Under verdsmeisterskapen 2013 kneip ho sølvmedaljen på distansen, like framom Almaz Ayana, vinnaren Meseret Defar makta dei ikkje gjere noko med. Året etter vart Cherono samveldemeister 2014 i Glasgow på tida 15.07,2. Sommaren 2016 sette ho personbeste med 14.33,9 i eit stemne i Roma. I sommarleikane 2016 enda ho på fjedeplass, langt unna medalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]