Michael Arne

Michael Arne

Portrett av Arne av Johann Zoffany
Fødd1740
FødestadLondon
Død14. januar 1786
DødsstadLondon
OpphavKongeriket Storbritannia
Aktiv1750–1786, 1806
Sjangeropera
Instrumentcembalo, vokal
Verka somkomponist, songar
MorCecilia Young
FarThomas Augustine Arne

Michael Arne (kring 174014. januar 1786) var ein engelsk komponist, organist, cembalospelar, songar og skodespelar. Han var son av komponisten Thomas Arne og sopranen Cecilia Young, som tilhøyrde den kjende Young-familien av musikarar. Som far sin skreiv Arne hovudsakleg scenemusikk og vokal kunstsong, og verka lite innan andre musikksjangrar. Han skreiv fleire songar for lysthagane i London, der den best kjende er «Lass with the Delicate Air» (1762). Arne skreiv ni operaer og medverka i minst 15 andre. Den mest suksessrike operaen hans, Cymon (1767), blei sett opp att fleire gonger i hans levetid og på byrjinga av 1800-talet.

Etter 1745 hadde Michael Arne det meste av barndommen sin hjå tanta si, den kjende skodespelaren og songaren Susannah Maria Cibber, på grunn av dei mange sjukdommane til mora og det travle livet til faren. Det er truleg at han fekk det meste av den musikalske opplæringa si frå henne.[1] Det var med henne som mentor at han scenedebuterte som pasjen i Thomas Otway sin tragedie The Orphan seint på 1740-talet.[2] Han byrja den musikalske karrieren sin som songar i ein konsert av Francesco Onofrio Manfredini den 20. februar 1750.[2] Deretter følgde fleire songkonsertar i Vauxhall Gardens sommaren 1750, då far hans var fast komponist der.[3] Michael sin karriere som songar og skodespelar varte ikkje mykje lenger. Charles Burney skreiv at far hans "tried to make him a singer, but he was naturally idle and not very quick. However, he acquired a powerful hand on the harpsichord".[4] Etter 1750 konsentrerte Michael Arne seg hovudsakleg om komposisjon og framføringar på orgel og cembalo. 5. februar 1751 hadde han sin fyrst solo orgelkonsert, der han spelte ein av orgelkonsertane til faren. Han kom til å vera den fremste eksponenten for orgelverka til far sin dei neste tretti åra. Arne viste også eit tidleg talent som komponist, og den fyrste samlinga hans av kunstsongar, The Floweret, blei gjeven ut i 1750. Samlinga omfatta mellom anna «The Highland Laddie» i skotsk stil, som blei populær og så seint som i 1775 blei arrangert av Thomas Linley den eldre i The Duenna.[2]

Arne skreiv ni operaer og bidrog til minst 15 andre. Han skreiv eit lite tal teatermusikk og gav ut sju songsamlingar. Han skreiv også litt musikk for cembalo og orgel, og gav ut noko av dette i 1761. Som far sin skreiv Arne i den galante stilen, som var populær i samtida, og nytta både engelsk folkemusikk og italiensk opera som inspirasjon til verka sine. Under er ei komplett liste av scenestykka og dei utgjevne verka hans.[2]

Scenearbeid

[endre | endre wikiteksten]

 

  • Florizel and Perdita, or The Winter's Tale (21. januar 1756, Drury Lane, London)
  • The Humorous Lieutenant (10. desember 1756, Covent Garden, London)
  • Harlequin Sorcerer (1757, Covent Garden, London)
  • Harlequin's Invasion (31 December 1759, Drury Lane, London)
  • The Heiress or the Antigallican (21. mai 1759, Drury Lane, London)
  • Edgar and Emmeline (31. januar 1761 Drury Lane, London)
  • A Midsummer Night's Dream (23. november 1763, Drury Lane, London)
  • Hymen (23. januar 1764, Drury Lane, London)
  • Almena (2. november 1764, Drury Lane, London)
  • Cymon (2. januar 1767, Drury Lane, London)
  • Linco's Travels (6. april 1767, Drury Lane, London)
  • Tom Jones (14 January 1769, Covent Garden, London)
  • The Maid of the Vale (15. februar 1775, Smock Alley Theatre, Dublin)
  • Emperor of the Moon (22. mars 1777, Patagonian, London)
  • The Fairy Tale (18. juli 1777, Haymarket, London)
  • The Fathers, or the Good-natured Man (30 November 1778, Covent Garden, London)
  • Love in a Village (13. februar 1779, Covent Garden, London)
  • All alive at Jersey (22. mai 1779, Sadler's Wells, London)
  • The Conscious Lovers (27. september 1779, Covent Garden, London)
  • The Belle's Stratagem (22. februar 1780, Covent Garden, London)
  • The Artifice (14. april 1780, Drury Lane, London)
  • The Choice of Harlequin, or the Indian Chief (26. desember 1781 Covent Garden, London)
  • Vertumnus and Pomona (21. februar 1782, Covent Garden, London)
  • The Positive Man (16. mars 1782, Covent Garden, London)
  • The Maid of the Mill (25. september 1782, Covent Garden, London)
  • The Capricious Lady (17. januar 1783, Covent Garden, London)
  • Tristram Shandy (26. april 1783, Covent Garden, London)


Songsamlingar

[endre | endre wikiteksten]
  • The Floweret (London, 1750)
  • The Violet (London, 1756)
  • A Favourite Collection of English Songs (London, 1757)
  • New Songs and Ballads (London, 1765)
  • New Songs sung by Miss Wright at Vauxhall (London, c1765)
  • A Collection of Favourite Songs sung by Mrs. Arne (London, 1773)
  • Ranelagh Songs (London, 1780)
  • Lessons for the Harpsichord, (London, 1761)
  1. Biography Michael Arne at www.hoasm.org
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 John A. Parkinson: "Michael Arne", Grove Music Online red. L. Macy (vitja 14. januar 2009), (subscription access) Arkivert 16. mai 2008 ved Wayback Machine.
  3. Biography Michael Arne at www.hoasm.org
  4. Burney, Charles (1935). F. Mercer, red. A General History of Music from the Earliest Ages to the Present Period. Oxford Publishing Company. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]