Mick Woodmansey

Mick Woodmansey
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 4. februar 1951 (73 år)
Driffield
Yrke trommeslagar
Språk engelsk
Medlem av The Arnold Corns, The Spiders from Mars
Nettstad http://www.woodywoodmansey.co.uk

Mick «Woody» Woodmansey (fødd 1951) er ein engelsk trommeslagar frå Driffield i Yorkshire, mest kjend for arbeidet sitt med David Bowie og The Spiders from Mars. Han spelte på Bowie-albuma The Man Who Sold the World (1970), Hunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972) and Aladdin Sane (1973).

Woodmansey vart erstatta i The Spiders from Mars av Aynsley Dunbar, som spelte på det neste albumet til Bowie i 1973, Pin Ups. Woodmansey danna The Spiders from Mars for eitt album, i lag med bassisten Trevor Bolder. Dei måtte nytte Dave Black på sologitar fordi Mick Ronson var utilgjengeleg og Pete McDonald song solovokal. Dei hadde med seg klaverspelaren Mike Garson, som hadde vore ein viktig del av bandet til Bowie i Ziggy Stardust-tida. Bowie medverka ikkje i det heile til albumet kalla The Spiders From Mars.

Etter at the Spiders var endeleg oppløyst, danna han bandet Woody Woodmansey's U Boat, med Phil Murray, Frankie Marshall, Phil Plant og etter kvart Martin Smith, og dei gav ut debutalbumet U Boat i 1977.[1]

Woodmansey har òg spelt med Art Garfunkel.[2]

Han spelte i bandet Cybernauts,[3] og er i dag trommeslagar i 3-D.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Med David Bowie

[endre | endre wikiteksten]

Med Dana Gillespie

[endre | endre wikiteksten]

Med The Spiders From Mars

[endre | endre wikiteksten]

Med Woody Woodmansey's U-Boat

[endre | endre wikiteksten]

Med Cybernauts

[endre | endre wikiteksten]
  1. Woody Woodmansey's U Boat - U Boat, 1977: WindowsMedia.com website.
  2. Art Garfunkel Arkivert 2007-04-08 ved Wayback Machine. collaboration: ArtGarfunkel.com website.
  3. Cybernauts Arkivert 2005-04-04 ved Wayback Machine. band membership: DefLeppard.com website section.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]